Draumespor- en tekst av Solfrid Sivertsen

Draumespor- en tekst av Solfrid Sivertsen

.....min assosiasjon til Salm 90,12:Lær oss å telle våre dager...

Foto:eivind.skifjeld@gmail.com

Eg går her langs ein veg
der eg har ofte vandra før
eg ser ei grind eit tre eit hus
eg ser ei open dør
og denne døra fører meg
til dette rommet inn
så sit eg her og ventar på
ein draum som før var min

 

Foto:eivind.skifjeld@gmail.com

Eg leitar etter spor av barn
som budde her ein gong
då liv var draum og draum var liv
to vers av same song
då morgonen sto solkledd
med ein himmel høg av tid
og natta var ei lomme
som vi putta dagen i

 

Foto:eivind.skifjeld@gmail.com

Men tida har no trødd forbi
med lange tunge steg
den smuldra åra opp
og dekte til min barndomsveg
no ventar eg mens skuggar fell
eg veit at dagen lid
langt borte høyrest barnestemmer
frå ei anna tid

 

Foto:eivind.skifjeld@gmail.com

Eg går her langs ein veg
der eg har ofte vandra før
forbi ei grind eit tre eit hus
no med ei lukka dør
og stega mine førest bort
til bitar av ein song
ved vegens slutt eg snur og ser
her drøymde eg ein gong

 

Utgitt på CD av Kenneth Sivertsen